Velkomen til Naprapat Samuel
For deg som vil meir enn symptomlindring
Eg finn og behandlar årsaka til plagene dine
– slik at kroppen kan fungere slik han er meint å gjere
Få betre rørsle, mindre smerte og ein kropp som fungerer i kvardagen – med grundig og tilpassa behandling

Din naprapat på Voss
Velkomen til Naprapat Samuel
For deg som vil meir enn symptomlindring
Eg finn og behandlar årsaka til plagene dine
– slik at kroppen kan fungere slik han er meint å gjere
Få betre rørsle, mindre smerte og ein kropp som fungerer i kvardagen –
med grundig og tilpassa behandling



Møt Samuel
”Eg trivst best når eg kan hjelpe andre.”
Eg trur ikkje på raske løysingar. Eg trur på kroppen si innebygde evne til å lækje og tilpasse seg når han får dei rette føresetnadene.
Eg ser kroppen som ein intelligent og sjølvlækjande heilskap der alle system verkar saman. Mi oppgåve er å identifisere og fjerne det som forstyrrar, slik at kroppen sjølv kan finne tilbake til balanse og funksjon.
Difor jobbar eg med å sjå heilskapen – for å finne årsaka bak problema og forstå kvifor plagene oppstår.
Målet er enkelt: betre funksjon, meir rørsle og ein kropp som fungerer – over tid.
Kvifor velje naprapati
Mange går lenge med smerte og plager som kjem tilbake. Ofte handlar det ikkje berre om området som gjer vondt, men om korleis kroppen fungerer som heilskap. Hos meg startar vi med å finne årsaka. Eg lyttar, undersøker grundig og tilpassar behandlinga til deg, for varig endring.

Som første naprapat i Noreg tilbyr eg Spine 3D-skanning – ein avansert analyse som gjer det mogleg å vise tydeleg kva som faktisk har skjedd i kroppen, kva som ligg bak problema, og korleis kroppen utviklar seg positivt gjennom behandlinga.
Kroppen din er skapt for å røre seg fritt og fungere godt
Kven eg kan hjelpe

Barn

Graviditet og tida etter fødsel

Idrettsutøvarar

Fysisk arbeidande

Vaksne i kvardagen

Seniorar
Kven eg kan hjelpe
Vanlege plager
- Rygg- og nakkesmerter
- Hovudverk og migrene
- Prolaps og utstrålande smerter (isjias)
- Svimmelheit og plager etter hjerneristing
- Kjeveplager
- Plager i skulder, arm og hand
- Plager i hofte, kne og fot
- Bekken- og lyskeproblematikk
- Plager hos barn
- Svangerskapsplager og tida etter fødsel
- Idrettsskadar og opptrening
- Stress, uro og ubalanse i nervesystemet
- Trøyttleik og søvnproblem